gen_2337.1.gif
gen_2338.1.gif
gen_2339.1.gif
gen_2340.1.gif
gen_2341.1.gif
gen_2342.1.gif
gen_2343.1.gif
gen_2344.1.gif
gen_2345.1.gif
gen_2750.1.gif
gen_2349.1.gif
gen_2353.1.gif
gen_2352.1.gif
e-mail me



 

 

Fyrste basehoppet frå Ånås


Jo Henrik Endrerud fylgjer oppmerksamt med medan kameraten hoppar. Ferda starta øvst oppe på Ånås.
Ånås i Fjågesund er opna, som det heiter på basehopparspråket. – Det kan ikkje bli betre, stråla dei to skienskarane etter å landa trygt på jordet nedunder den trihundre meter steile bergveggen.

Spenninga låg bokstaveleg talt i lufta då fjågesundingane, etter kvart som rykta spreidde seg om kveldens store happening, samla seg på jordet under Ånås. For fyrste gong i historia skulle det hoppast i fallskjerm frå toppen av det stupbratte fjellet. Innbyggjarane kunne med visse fastslå at noko slikt aldri hadde skjedd før.
Men det bygdefolket kjende til, og frykta, var den fullstendig uframkomelege urda nedunder bergveggen. Visst har det vore folk i fjellsida før – det blir fortalt om fjellklatrarar som til og med har overnatta oppi skortene. Men fallskjermhopp – aldri.

– Bare det går bra...

Gode barneaugo er dei fyrste som oppdagar hopparane i synsranda oppe på nuten. Våghalsane klatrar ned på ei berghylle eit lite stykkje frå toppen, og gjer seg klare. Det er kvelden, og sola har forlengst forsvunne bak Ånås. Det er så godt som vindstille, men spente tilskodarar kan melde om spesielle luftdrag borte i fjellsida. Berre dette går bra...
Der hoppar den eine. Etter eitt sekund eller to høyrest ei sterk sjoging då ein grøn skjerm faldar seg ut. Lufta tek tak i skjermen og lyfter hopparen til vêrs før han seglar utover frå veggen. Den kritiske fasen er over. Spente bygdefolk fylgjer han med blikket og håpar han går klar av kraftlina som går over jordet. Det gjer han, svevar elegant over, og landar på planlagt stad midt ute på jordet.

– Kan ikkje bli betre

Blidare kar enn Jo Henrik Endrerud fanst neppe å oppdrive i mils omkrets nett då. Den rosa adrenalinskya han sveva på var nærast både synleg og følbar. Han smiler og smiler.
– Det kan ikkje bli betre, slår han fast på ein måte som gjer det vanskeleg å ikkje tru han.
Då han har fått pusten att fortel han om den spesielle opplevinga det er å hoppe frå eit fjell han aldri har hoppa frå før, og ingen andre heller, for den saks skuld.
– Det blir mykje meir spennande, seier han, og fortel om ferda nedover. Litt overheng øvst, og små berghyller nedover.
– Basehopping er sterkt visuelt, du ser farten og landskapet så godt, fordi ein kjem så nær. Dessutan var det heilt perfekt vêr å hoppe i. Nei, dette kan ikkje bli betre, gliser skienskaren, medan kameraten oppe i skorta gjer seg klar til avgang.

Hakkespetter i magen

– Korleis førebur ein seg til basehopp?
– Etter den kring timelange turen opp, sat me i ro ei stund. Det er viktig å ikkje forhaste seg, då får ein ikkje med seg nytinga. Me åt sjokolade, men den smaka ikkje særleg godt. Eg hadde ikkje mange sommarfuglar i magen, men desto fleire hakkespetter, medgjev våghalsen.
Der hoppar kameraten, Sten Ivar Bjørge. Endrerud fylgjer med medan han forklarar.
– Fyrst er det å sleppe seg kring 150 meter nedover før han dreg i snora. Etter kring to sekundar løyser han ut skjermen.
Alt går etter planen, og kameraten landar perfekt – i same lykkerusen.

Kjerag, Romsdalen og Ånås

Dei to skienskarane fortel at dei fleire gonger har merka seg Ånås som ei utfordring når dei har køyrd gjennom Fjågesund på veg til Kjerag, som er ein ynda plass for baseentusiastane. Etter ein rekognoseringstur, der dei gjorde diverse målingar, avgjorde kameratane å opne Ånås, som det heiter i basehoppterminologien.
Forutan å hoppe frå Kjerag har karane òg drive hopping i Romsdalen. Telemark er visstnok ikkje så rikt på laglege stader for å drive ekstremsporten. Med unntak av Ravnegjuv. Der har Bjørge prøva seg. Men der hamna han i fjellveggen og fekk ein lang og vanskeleg klatretur ned.
– Lenge til neste hopp frå Ånås?
– Kva trur du, gliser dei to overlykkelege, medan dei pakkar saman skjermane.